Kotor

(Pictures and English text below)
Lett tur bak bymuren i Kotor, hyggelig kafé
Denne turen på er veldig grei å gå for både små og store (og eldre), då den er kort og i enkelt terreng, og ein blir belønna med kjempefin utsikt for liten innsats. Ein liten familiekafe ved målet, der sin kan kjøpa kald drikke og kanskje få smaka litt lokalt spekekjøtt, ost og pølse, er også ein grei motivasjon. Husk cash! Det er også hyggelig å kjøpa jordbær, frukt eller oliven på markedet i Kotor før ein går oppover, og husk drikkeflaske.

Turen tar ca 1 time (3,5 km) opp i sakte tempo, og 45 min ned (rundtur). Gå inn hovedinngangen til Kotor gamleby, og et lite stykke innover, men hold deg i venstre ("nordlige") del frå inngangen. Et lite stykke inne i gatene, ved katteparken, er det ei bru som fører ut mot venstre og over elva som renn langs byen. Gå over denne rett fram ca 100 meter og så til høgre, og følg elva oppover. Du kjem til et litt skrotete område med noko som lignar et vannverk, berre fortsett langs denne vegen/stien (du ser innover mot et stort juv). Når du kjem inn til dette vannverket (etter et par hundre meter), ser du den gamle transportvegen gå i sikksakk opp over fjellet, berre følg den. Når du har gått eit stykke opp over vil du skimta ein bitteliten gård, der er det ein «taverna», og dei sel ost («sir») og røykt kjøtt der. Gå opp trappa og sett deg, og nyt ei fantastisk utsikt. Du blir straks servert kald drikke, men husak at dei tar berre cash.

Vegen tilbake kan du ta ved å gå trappene opp frå tavernaen (altså ikkje dei same trappene som då du kom nedanfrå), og så fortsetta nedover stien derifrå. Etter ca 100 meter kjem du til ein forlatt landsby med ei fin lita kirke, som det er koselig å sitta ved. No er du på baksida av den berømte bymuren i Kotor. Vidare går du fram til muren og kryp igjennom eit hol i den (det er turmerking ved holet), og så kan du fortsetta den offisielle ruta ned til sjølve byen. NB: Det varierer no korvidt det er mulig å gå gjennom holet, for stigen som ein kunna klatra på, er tidvis vekke. I så fall må du gå ned same veg som du kom.

Easy walk behind the city walls of Kotor
The easy walk behind the city walls of Kotor and the cozy café at the end of it make for a delightful outing suitable for both young and old. It's a short, simple path offering fantastic views for minimal effort. There's a small family café at the destination where you can buy cold drinks and perhaps sample some local cured meats, cheese, and sausages – don't forget to bring cash! Before starting, it's nice to buy strawberries, fruits, or olives at the market in Kotor and remember to carry a water bottle.

The walk takes around 1 hour (3.5 km) at a leisurely pace, and about 45 minutes to descend (round trip). Enter through the main gate of Kotor's old town, and a short distance inward, keeping to the left (north) from the entrance. Proceed into the streets, passing by the cat park, until you reach a bridge that leads left over the river flowing alongside the city. Cross this bridge and continue straight for about 100 meters, then turn right, following the river uphill. You'll come across a somewhat scruffy area resembling a waterworks facility, just continue along this path/road (you'll see a large gorge ahead). When you reach this "waterworks" area (after a few hundred meters), you'll spot an old transport route zigzagging up the mountain – simply follow that path. After walking uphill for a while, you'll catch sight of a tiny farm where there's a taverna selling cheese ("sir") and smoked meat. Climb the stairs, take a seat, and enjoy the fantastic view. They'll promptly serve you cold drinks, but remember, they only accept cash.

For the return journey, you can take the stairs up from the taverna (different from the ones you used to descend) and continue down the path from there. After about 100 meters, you'll reach an abandoned village with a charming little church where you can sit and relax. You are now at the back of the famous city walls of Kotor. Proceed ahead to the wall and go through a hole in it (marked with signs), then follow the official path down to the city itself. Note: The accessibility of the hole might vary, as the ladder that used to be there is occasionally absent. If so, you'll have to descend the same way you came up.