Nærmiljøet/The surroundings
(Pictures and English text below)
Leiligheten ligg i Ivanovici i Becici, i eit nabolag som
tidligare var ein fiskarlandsby med små hus, gårdar og berre lokale
innbyggarar. Den fine beliggenheten på ein liten ås, og utsikten over havet,
har medført rask utbygging for turistformål. Heldigvis er det enno små gårdar
og hus igjen med "natives" oppover bakken bak leiligheten, men mange har også
solgt til investorar og flytta vekk.
Langs vegen vår ned mot stranda ligg det eit lite
supermarked (50 m frå porten), frisør og et lite spa-hotell.
Rett utanfor porten vår held ein frukt- og grønthandlar til,
gamle og fattige Zaga og hunden Vily. Det er fint om de handlar litt der, for ho
treng pengane. Anbefaler dykk å berre kjøpa frukt, egg og grønnsaker,
olivenglassa er kjempedyre, og vinen ho lagar er ganske sur. Slå gjerne av ein
prat, smil og gestikuler litt – ho skjønnar ikkje engelsk, men er glad og
pratsom likevel.
Andre supermarked med større utvalg enn det nærmaste, finn
du nede ved hovedvegen.
Men for å holda oss til nærmiljøet – nede på strandpromenaden vår i Becici er det resaturantar og barar i høgsesongen, og langs stranda mot venstre ligg landsbyen Rafailovici som du finn ved ein rusletur langs stranda. Her er det mange fine spisestader. Rett nedanfor leiligheten ligg det overdådige Splendid Hotel, der er det ei flott spa-avdeling, og du kan gå der og eta god buffet med heile familien, eller til den meir eksklusive restauranten i 10. etasje.
I gangavstand, og Taxi-tips
Er du frisk på litt vandring langs havet, kan du gå til både
Kamenovo (2 km), Przno (ca 4 km) Sveti
Stefan (ca 6 km) og Budva (ca 40 min gange). Ellers går det bussar heile tida,
og taxi er heller ikkje så dyrt. Har du eigen bil, ver klar over at parkering
på Sveti Stefan kan vera litt vanskelig. Ellers finn du vanligvis lett
parkeringsplass bade i Kamenovo og i Przno.
Det er forholdsvis billig å kjøra taxi, men dei siste åra er det dukka opp litt sleipe takter blant enkelte selskap, spesielt dei som kallar seg "privat taxi" (men ser ut som vanlig taxi på utsida). SANY taxi har avtale med komplekset, husk då å seia at du skal til Becici Sunset, så veit dei det om avtalen (og ingen tør å lura deg). Prisen mellom Budva og leiligheten bør ikkje overstiga 7-8 euro, med mindre det er lang kø og stopp i trafikken. Det er alltid lurt å ha myntar og ikkje for store sedlar i cash.
Når taxiane står på oppstillingsplass velger du sjølv taxi,
sjølv om dei prøver å overtala deg om den eine eller den andre. Konkret
anbefalte og pålitelige selskap har desse telefonnummera, og det står ofte på
dørene:
SANY TAXI 19 728
OK/PALMA TAXI 19 550
HIT TAXI 19 555.
HELLO TAXI (Ikkje Halo eller Hallo)
The apartment is
located in Ivanovici in Becici, in a neighborhood that was previously a fishing
village with small houses, farms, and only local residents. The lovely location
on a small hill with a view of the sea has led to rapid development for tourism
purposes. Fortunately, there are still small farms and houses with locals up
the hill behind the apartment, but many have also sold to investors and moved
away.
Along our road leading down to the beach, there's a small supermarket (50 meters from the gate), a hair salon, and a small spa hotel. Right outside our gate is a fruit and vegetable vendor, an elderly and poor lady named Zaga, along with her dog Vily. It would be nice if you shop a bit from her as she needs the money. I recommend buying fruits, eggs, and vegetables only; her jars of olives are quite expensive, and the wine she makes is rather sour. Feel free to have a chat, smile, and gesture a bit—she doesn't understand English but is happy and talkative nonetheless.
Other supermarkets with a larger selection than the nearest one can be found down the main road. But to stay within the vicinity, down our beach promenade in Becici during the peak season, you'll find restaurants and bars. Walking along the beach towards the left, you'll reach the village of Rafailovici, where there are many excellent dining places. Right below the apartment is the luxurious Splendid Hotel, with a fantastic spa section, and you can dine there with the whole family or opt for the more exclusive restaurant on the 10th floor.
Within Walking
Distance, and Taxi information
If you're up for a
walk along the sea, you can reach Kamenovo (2 km), Przno (about 4 km), Sveti
Stefan (about 6 km), and Budva (about a 40-minute walk). Otherwise, buses run
all the time, and taxis aren't too expensive either. If you have your own car,
be aware that parking in Sveti Stefan can be a bit challenging. However, you'll
usually find parking spaces easily in both Kamenovo and Przno.
Taxi fares are relatively cheap, but in recent years, some dubious practices have emerged among certain companies, especially those called "private taxi" (but look like regular taxis from the outside). SANY taxi has an agreement with the complex, so remember to say you're going to Becici Sunset, and they'll know about the agreement (and won't try to deceive you). The price between Budva and the apartment shouldn't exceed 7-8 euros, unless there's heavy traffic and long queues. It's always wise to have coins and not too large bills in cash.
When taxis are lined up, you can choose whichever taxi you prefer, despite their attempts to persuade you to choose one over the other. Specifically recommended and reliable companies have these phone numbers, often displayed on their doors:
SANY TAXI 19 728
PALMA TAXI 19 550
HIT TAXI 19 555
HELLO TAXI (Not Halo or Hallo)