Ofte stilte spørsmål/FAQ

Kotor
Kotor

(English text below)
Når passar det å reisa?
Frå og med april/mai til og med september/oktober er det fint å vera i Montenegro. Der er mest folksomt og varmt i juli og august, som er den travlaste turistperioden. Dersom du reiser for å gå i fjella og vera fysisk aktiv, er det sjølvsagt best utanfor den aller varmaste perioden. I april er det enno snø på fjella i innlandet, men ved kysten er det mange fine turar å gå på denne tida. Mai/juni og september/oktober er best for fjellvandring, og det er mindre folk og trengsel langs kysten.

Korleis er klimaet?
Som sagt er juli og august dei varmaste månadane, som ellers i Syd-Europa. Der er sommar og sol heilt frå mai til oktober, men det kan sjølvsagt komma regnskurar innimellom. Det går likevel som regel fort over. Veret er meir stabilt di tettare på sommarmånadene ein er.

Korleis er strendene?
Dei fleste strendene er småsteinete eller grovkorna, med unntak frå nokre strender med finkorna sand. Likevel er det ikkje slik at sanden klistrar seg over alt på dei finkorna strendene. Havet er asurblått langs heile kysten. Der er nesten ingen masete strandselgarar.

Kva for område av landet er best?
Det spørs kva du er ute etter. Sjølv foretrekker eg det opne kystlandskapet frå Tivat/Budva og sydover, med hav og horisont i sikte. Men mange finn seg også godt til rette i Herceg Novi-området lenger nord, sjølv om det ligg meir inne i ei bukt og er befolka av ein del norske pensjonistar pga helsesenteret i Igalo like ved. Det finaste området å bu i ligg mellom Budva og Petrovac, dersom ein foretrekker havet. Kotor er ein veldig fin by å besøka eller bruka som utgangspunkt for vandringstur, men den ligg innerst i ei smal bukt, så ein må kjøra bil for å sjå horisonten. Rundt Kotor er det også så som så med fine strender. Heilt i syd mot Albania ligg Ulcinj, som har ei spennande blanding av ortodoks og muslimsk/albansk kultur, og der er milelange sandstrender. Fjella er aldri langt unna, uansett kor ein er i Monttenegro.

Kva med kriminalitet, kva skal ein passa seg for?
Det er svært trygt å vera vanlig turist i Montenegro. Tryggleiken både natt og dag er høg, og det er små sjansar for å bli utsatt for noko kriminelt, med mindre ein oppfører seg uklokt eller er full, provoserande eller utan kontroll.

Kor mykje er det vanlig å gi i tips?
Ca 10-15 prosent er fint, men dersom du er misnøgd treng du ikkje gje tips. Taxi: Ca 1 euro i tips er fint for kortare turar, litt meir for lengre turar.

Er det lett å kjøra bil der?
Ja det er lett å finna fram, men ein skal vera våken og oppmerksom, fordi dei lokale kjører ganske fort.

Korleis er det med parkering i området?
Ein kan bestilla parkering inne på området ved leiligheten, det kostar ca 5 euro pr dag. Ellers finst det også parkeringsplassar utanfor komplekset, men dei er jo ikkje reservert.

Kva kostar det med taxi?
Det er forholdsvis billig å kjøra taxi. Dei siste åra er det dukka opp litt sleipe takter blant enkelte selskap, spesielt dei som kallar seg "privat taxi" (men ser ut som vanlig taxi på utsida). SANY taxi har avtale med komplekset, husk å seia at du skal til "Bečići Sunset", så veit dei det om avtalen (og ingen tør å lura deg). Prisen mellom Budva og leiligheten bør ikkje overstiga 7-8 euro, med mindre det er lang kø og stopp i trafikken. Det er alltid lurt å ha myntar og ikkje for store sedlar i cash.
Når taxiane står på oppstillingsplass velger du sjølv taxi, sjølv om dei prøver å overtala deg om den eine eller den andre. Konkret anbefalte og pålitelige selskap har desse telefonnummera, og det står ofte på dørene

SANY TAXI 19 728
OK/PALMA TAXI 19 550
HIT TAXI 19 555
HELLO TAXI

Ein tur mellom Bečići og Kotor skal kosta max 40 euro. Til sammenligning kostar det 3,5 euro pr. person med buss mellom Budva og Kotor.
Sei alltid i frå til sjåføren om du synest han kjører for fort!

Går det bussar?
Det går bussar langs kysten nesten heile tida, og det er billig å ta buss. Budva er hovedbusstasjonen, så frå Bečići til Kotor må du gjerne bytta buss i Budva.

Kor mange er det plass til i leiligheten?
Familie på fem (2 voksne, tre unge/mindreårige) går greit, men det er også nok. Fire personar er det beste max-antallet.

Kvar kan eg lesa meir om Montenegro?
Bradt Travel guide har reisebok om landet, eller kan du jo også kikka her hos Lonely Planet.

When is the best time to travel?
From April/May to September/October is a great time to be in Montenegro. It's most crowded and hot in July and August, which are the busiest tourist months. If you're traveling for mountain hiking and physical activities, it's best to avoid the hottest period. In April, there's still snow in the mountains inland, but along the coast, there are many enjoyable hikes. May/June and September/October are best for mountain treks, with fewer people and less crowding along the coast.

How is the climate?
As mentioned, July and August are the warmest months, similar to the rest of Southern Europe. It's summer and sunny from May to October, but occasional rain showers can occur. However, they usually pass quickly. The weather becomes more stable as you get closer to the summer months.

How are the beaches?
Most beaches are pebbly or coarse-grained, except for a few with fine sand. However, sand doesn't stick everywhere on the fine sandy beaches. The sea is azure blue along the entire coast. There are hardly any pushy beach vendors.

Which area of the country is best?
It depends on what you're looking for. Personally, I prefer the open coastal landscapes from Tivat/Budva and southward, with the sea and horizon in view. However, many also find themselves comfortable in the Herceg Novi area farther north, even though it's more nestled into a bay and populated by some Norwegian pensioners due to the health center in Igalo nearby. I think the nicest area to stay in lies between Budva and Petrovac if you prefer the sea. Kotor is a lovely city to visit or use as a starting point for hiking tours, but it's at the end of a narrow bay, so you'll need to drive to see the horizon. Towards the south, near Albania, there's Ulcinj, which boasts an intriguing blend of Orthodox and Muslim/Albanian cultures, along with miles of sandy beaches. The mountains are never far away, no matter where you are in Montenegro.

What about crime, what should one be wary of?
It's very safe to be a regular tourist in Montenegro. Safety is high both day and night, and there's a small chance of encountering any criminal activity unless one behaves unwisely or is drunk, provocative, or out of control.

How much is the usual tipping amount?
Around 10-15 percent is fine, but if you're dissatisfied, you're not obligated to tip. Taxi: About 1 euro in tips is good for shorter trips, a bit more for longer ones.

Is it easy to drive a car there?
Yes, it's easy to find your way, but one should be alert and attentive because the locals drive quite fast.

How is parking in the area?
You can book parking in the complex area, which costs around 5 euros per day. There are also parking spaces outside the complex, but they are not reserved.

How much does a taxi cost?
Taxi fares are relatively cheap, but in recent years, some dubious practices have emerged among certain companies, especially those called "private taxi" (but look like regular taxis from the outside). SANY taxi has an agreement with the complex, so remember to say you're going to "Bečići Sunset", then they'll know about the agreement. The price between Budva and the apartment shouldn't exceed 7-8 euros, unless there's heavy traffic and long queues. It's always wise to have coins and not too large bills in cash.
When taxis are lined up, you can choose whichever taxi you prefer, despite their attempts to persuade you to choose one over the other. Specifically recommended and reliable companies have these phone numbers, often displayed on their doors:

SANY TAXI 19 728
PALMA TAXI 19 550
HIT TAXI 19 555
HELLO
 TAXI

Always inform the driver if you think they're driving too fast!

Are there buses?
Buses run along the coast almost all the time, and it's inexpensive to travel by bus. Budva is the main bus station, so from Becici to Kotor, you might need to change buses in Budva.

How many people can the apartment accommodate?
Family of five (2 adults, three young/minor) is manageable, but it's also enough. Four persons (adults+kids) is the best maximum number.

Where can I read more about Montenegro?
Bradt Travel guide has a book about the country, or you can also take a look here on Lonely Planet.