Orahovac-Perast

(Pictures and English text below)
Orahovac – Perast, 5-6 timar
Dette er ein tur som krever at du er i brukbar form og har god balanse, for nedstiginga mot Perast er svært krevande (NB du kan evt gå same vei tilbake, og unngå denne nedstiginga). Men for ein tur, og for ei utsikt! Langs heile oppstiginga på den gamle militærvegen ser du meir og meir av den fantastiske Kotorbukta. På toppen av Vranovo Brdo (743 m.o.h.), frå festningen med samme navn, ser du både Kotorbukta og fjella som omkransar den, og havet og horisonten bak desse. På vegen kan du møta både rev, skilpadder, kyr, geiter og ufarlige brune slangar (ikkje få panikk, slangane forsvinn fort når dei ser deg, og dei bit ikkje).

Korleis komma dit: Kjør (evt ta taxi) til landsbyen Orahovac (forbi Kotor) og parker bilen på nedsida av hovedvegen (du kan også ta buss frå Kotor mot Perast, og gå av i Orahovac). Herfrå går du oppover i dalen (først på ein asfaltveg), begynnelsen på stien er merka med maling på eit lite vegskilt like forbi bommen på bildet (sjå pil). Herfrå går du oppover og oppover i ganske lett terreng, sidan dette er ein nedlagd militærveg bygd opp i serpentinsvingar, slik at det ikkje er så bratt. Når du kjem til et vegskille nesten på toppen, ser du ein festning opp mot høgre, og vidare ein sti mot venstre. Ta mot venstre, denne stien tek deg vidare til Vranovo Brdo via den nedlagde landsbyen Kljavici. Nyt utsikta på toppen, et ein medbrakt lunsj, og gå sakte nedover stien mot Perast. Når du kjem ned kan du enten gå inn i Perast og ta ein kafetur eller taxibåt ut til dei ikoniske øyene like utanfor, eller berre ta buss eller taxi tilbake til bilen i Orahovac. Kanskje er du trøtt i beina og foretrekker det siste…

Orahovac to Perast, 5-6 hours

This hike requires reasonable fitness and good balance, particularly for the descent towards Perast, which can be quite demanding. You can choose to return the same way to avoid this descent. However, the hike offers stunning views! Along the entire ascent on the old military road, you'll witness more and more of the fantastic Bay of Kotor. At the top of Vranovo Brdo (743 meters above sea level), from the fortress with the same name, you'll see both the Bay of Kotor and the surrounding mountains, as well as the sea and the horizon beyond them. Along the way, you might encounter foxes, turtles, cows, goats, and harmless brown snakes (don't panic, the snakes disappear quickly when they see you, and they don't bite).

How to get there: Drive (or take a taxi) to the village of Orahovac (past Kotor) and park your car on the lower side of the main road (you can also take a bus from Kotor towards Perast and get off in Orahovac). From there, start walking up the valley (initially on an asphalt road). The beginning of the trail is marked by paint on a small road sign just past the barrier in the picture (see arrow). From here, continue upwards; the terrain is quite easy as this is a decommissioned military road built in switchbacks, making it less steep. When you reach a fork in the road near the top, you'll see a fortress up to the right and a path to the left. Take the left path, which leads you to Vranovo Brdo through the abandoned village of Kljavici. Enjoy the view at the top, have a packed lunch, and then slowly descend the path towards Perast. Once you reach Perast, you can either explore the town, have a coffee, or take a taxi boat to the iconic islands just offshore. Alternatively, you can take a bus or taxi back to your car in Orahovac, especially if your legs are feeling tired by then.