Reise hit/Getting here
(English text below)
Bečići ligg om lag midt i mellom Budva og Sveti Stefan på
det som blir kalla for Budvarivieraen i Montenegro. For å komma til Montenegro
kan du fly til Dubrovnik (i Kroatia), og derfrå til Budva/Bečići
tar det ca 2
timar å kjøra med bil rett syd. Ekstra ventetid ved grensa i høgsesongen. Dersom du ikkje vil kjøra sjølv, kan me ordna transport frå
flyplassen via våre kontaktar. Då blir du kjørt til døra i leiligheten.
Frå Oslo, London og andre byar kan du i høgsesongen fly til Tivat (25 min frå Budva/Bečići ). Ein annan flymulighet er til Podgorica (ca 75 min frå Bečići). Det går også (langsomme) tog gjennom fjella i det gamle Jugoslavia og til havnebyen Bar, som er ca 40 km frå Bečići.
Vanligvis leiger me bil og kjører frå Dubrovnik lufthavn, langs Adriaterhavsvegen. Det er lett å finna fram, rett fram heile vegen. Dersom de vil vita om ein lur veg til ei "minigrense" for å unngå kø ved grensa mellom Kroatia og Montenegro, skal eg beskriva vegen for deg før du reiser.
NB: Når du leiger bil i Dubrovnik, må du passa på at selskapet du leiger hos, vil tillata at du tek bilen over grensa til Montenegro (og Bosnia og Albania, dersom du har planar om det). Sjekk under "restriksjoner" under "vilkår" når du finn ein bil. Dei som tillet det, tek som regel litt ekstra betalt. Det beste (billigaste) er å finna eit selskap som tek ein eingangssum, heller enn per dag.
Det er ikkje krav om spesielle sjåfør-papir ut over vanlig
norsk førarkort, på veiane i Kroatia og Montenegro.
Frå Italia går det båt (nattsegling) mellom Bari og Bar.
Kystlinja i Montenegro er på om lag 300 kilometer, og i syd
grensar landet til Albania. Frå Bečići
til byen Shkoder i Albania tar det om
lag to timar med bil.
Bečići is situated approximately midway between Budva and Sveti Stefan on what is known as the Budva Riviera in Montenegro. To reach Montenegro, you can fly to Dubrovnik (in Croatia), and from there, it takes about 2 hours to drive directly south to Budva/Becici. Expect additional waiting time at the border during peak season. If you prefer not to drive yourself, we can arrange transportation from the airport through our contacts. You'll be driven right to the door of the apartment.
From Oslo, London, and other cities, during peak season, you can fly to Tivat (25 minutes from Budva/Bečići). Another flight option is to Podgorica (approximately 75 minutes from Bečići). There are also (slow) trains that traverse the mountains in the former Yugoslavia to the port city of Bar, which is about 40 km from Bečići.
Typically, we rent a car and drive from Dubrovnik, along the Adriatic Highway. It's easy to navigate, a straight road all the way.
Note: When renting a car in Dubrovnik, ensure that the company you rent from allows you to take the car across the border to Montenegro (and Bosnia and Albania if you plan to visit). Check under "restrictions" in the "terms and conditions" when selecting a car. Those that allow it usually charge a little extra. The best (and cheapest) option is to find a company that charges a flat fee rather than a daily rate.
There's no requirement for specific driver documentation beyond a regular Norwegian driver's license on the roads in Croatia and Montenegro. From Italy, there's a boat (overnight sailing) between Bari and Bar.
Montenegro's coastline spans approximately 300 kilometers, and to the south, the country borders Albania. From Bečići to the city of Shkoder in Albania, it takes about two hours by car.