Sol og bad/Sun and sea

Jaz
Jaz

(English text below)
Det er mange fine mulighetar for strandliv langs Budvarivieraen, og her nevner eg berre nokre få av dei. I høgsesongen er strendene nærmast Becici og Budva ganske tett befolka, så eg finn større glede i å oppsøka strender litt lenger vekk, spesielt om eg skal vera lenge på stranda. Men her er det noko for einkvar smak, så det er berre til å testa ut mulighetane.

Husk at på stadene med kafear og barar er det god stil å ta på seg shorts/skjørt og t-skjorte før ein går inn, i staden for å sitta der i badebuksa.

Vanlige strender
Dette er strender der det er service med solsenger, barar og andre fasilitetar i høgsesongen. Dette medfører naturligvis at det også er meir folk der enn på dei stille strendene, så ein får velga strand etter smak og behag.

  • Kamenovo (gangavstand)
  • Jaz (forbi Budva). Solsenger, vannaktivitetar og betjent strand. Hvis du vil ha det litt roligare, gå ca 200 meter til venstre langs stranda når du kjem til Jaz med bil/taxi. Der er det stille, med færre folk og fine solsenger og ein luftig, liten kafe. Du kan også ta båt frå havna i Budva i sommarsesongen, det er ein fin båttur med katamaran (gå langs promenaden til Budva til du kjem til kaien der båten går ca kvar heile time). 
  • Lonely Planet kåra Jaz til Europas beste strand sommaren 2015
  • Ploce – kjør vidare forbi Jaz, følg skilt
  • Drobni Pijesak – kjør forbi Sveti stefan til du ser skilt ved veien. Nydelig plass, gode restaurantar. Bratt bakke ned.
  • Przno – fin kombinasjon mat-på-brygga-mens-barna-badar
  • Sveti Stefan (public beach-delen)
  • Bečići -stranda rett nedanfor leiligeten. Den er ca 1.9 km lang og OK, men sjølvsagt folksom i høgsesongen.
  • Unngå for all del strendene inne i Budva, der er det støy og rot.
    Vis respekt for varslingsflagga på strendene – er det rødt flagg er det for sterke bølger, rett og slett. Det skjer sjelden.

Stille strender
Med "stille strender" meiner eg dei som ikkje er fullt bemanna med solstolar, barar, restaurantar og musikk på sjølve stranda. Likevel kan det vera restaurantar like ved, som på Drobni Pijesak.

  • Crvena Glavica. Steinstrand. Forbi Sveti Stefan, parker oppe ved vegen eller på campingplass. Gå ned mot høgre. Du kan også gå ned mot venstre frå samme parkering og komma ned til ei anna strand.
  • Drobni Pijesak. Min favoritt. Nydelig strand litt vidare frå Sveti Stefan, parker ved skilt Drobni Pijesak og gå ned. Ca 10 E med taxi frå leiligheten. Bratt bakke ned til havet.
  • Zansiece – spør Jovan eller Nebojsa etter vegen
  • Jaz – som sagt, venstre del av stranda inn under hovedvegen er stort sett stille og ubetjent, og fint å oppholda seg. I hoveddelen av stranda er det vanlig "folkeliv", men det er alt i alt ei behagelig strand begge stader.

There are many great opportunities for beach life along the Budva Riviera, and here, I'll just mention a few of them. During the high season, the beaches near Becici and Budva are quite crowded, so I find greater joy in seeking out beaches a bit further away, especially if I plan to spend a long time there. But there's something for every taste, so it's worth exploring the options.

Remember, at places with cafés and bars, it's good practice to put on shorts/skirts and a t-shirt before going in, rather than sitting there in your swim trunks.

Regular beaches
These are beaches where there are services like sun loungers, bars, and other facilities during the high season. Naturally, this means there will be more people compared to quieter beaches, so you can choose a beach based on your preferences.

  • Kamenovo (walking distance)
  • Jaz (past Budva). Sun loungers, water activities, and a serviced beach. If you prefer a quieter spot, walk about 200 meters to the left along the beach when you arrive at Jaz by car/taxi. It's calm, with fewer people, nice sun loungers, and a cozy little café. You can also take a boat from the Budva harbor during the summer season, it's a nice boat trip with a catamaran (walk along the promenade to Budva until you reach the pier where the boat departs about every hour). Lonely Planet named Jaz Europe's best beach in the summer of 2015
  • Ploce – drive past Jaz, follow the signs
  • Drobni Pijesak – drive past Sveti Stefan until you see signs on the road. Beautiful place, good restaurants. Steep hill down.
  • Przno – a nice combination of food on the pier while the kids swim
  • Sveti Stefan (public beach area)
  • Bečići beach right below the apartment. It's about 1.9 km long and okay, but naturally crowded in the high season.
  • Definitely avoid the beaches within Budva; it's noisy and chaotic.

Please respect the warning flags on the beaches – if there's a red flag, it means strong waves, simply put. It rarely happens.

Quiet beaches
By "quiet beaches," I mean those that aren't fully staffed with sun loungers, bars, restaurants, and music right on the beach. However, there might be restaurants nearby, like at Drobni Pijesak.

  • Crvena Glavica. Past Sveti Stefan, park up by the road or at the campsite. Walk down to the right. You can also walk down to the left from the same parking lot and reach another beach.
  • Drobni Pijesak. My favorite. A lovely beach a bit further from Sveti Stefan, park at the Drobni Pijesak sign and walk down. Around 10 Euros by taxi from the apartment. A steep hill down to the sea.
  • Zansiece – ask Jovan or Nebojsa for directions
  • Jaz – as mentioned, the left part of the beach beneath the main road is mostly quiet and unattended, and it's nice to stay there. In the main part of the beach, there's regular "public life," but overall, it's a pleasant beach in both places.